Salmane 146

146
1 # 103,1+ Halleluja!
Lovsyng Herren, mi sjel!
2 # 63,5+ Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,
syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.
3 # 118,8f; Jer 17,5 Stol ikkje på fyrstar,
menneske som ikkje kan hjelpa.
4 # 1 Mos 3,19+ Dei andar ut og blir til jord att,
den dagen fell planane i grus.
5 # 2,12+ Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar
og set si von til Herren sin Gud.
6 # 33,4.6; Apg 14,15 Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,
han er trufast til evig tid.
7 # 103,6 Han hjelper dei undertrykte til deira rett,
han gjev mat til dei som svelt.
Herren set dei bundne fri.
8 # 145,14+; Jes 35,5; 42,7 Herren gjev dei blinde syn.
Herren reiser dei nedbøygde opp.
Herren elskar dei rettferdige.
9 # 10,14+.18 Herren vernar innflyttarar.
Han held enkjer og farlause oppe,
men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.
10 # 10,16+ Herren er konge til evig tid,
din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på