Salmane 124

124
1 # 94,17 Ein song til festreisene. Av David.
Hadde ikkje Herren vore med oss,
skal Israel seia,
2hadde ikkje Herren vore med
då menneske reiste seg mot oss,
3så hadde dei slukt oss levande
då vreiden deira flamma opp,
4 # 69,16 # 124,4 vatnet, flaumen bilete på fiendane som stormar fram. så hadde vatnet skylt over oss,
flaumen hadde strøymt over oss,
5så hadde det veldige vatnet
strøymt over oss.
6Velsigna er Herren
som ikkje gav oss til rov for deira tenner!
7Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare.
Snara rauk, og vi slapp fri.
8 # 121,2+ Vår hjelp er i Herrens namn,
han som skapte himmel og jord.

Markert nå:

Salmane 124: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring