Salmane 12

12
1 # 12,1 Den åttande >6,1. Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.
2 # Mi 7,2 Frels meg, Herre! Dei trugne er borte.
Det finst ikkje trufaste menneske meir.
3 # 116,11 Alle talar løgn med sin neste,
dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.
4 Herren skal rydda ut alle glatte lepper,
kvar tunge som talar store ord,
5dei som seier: «I tunga ligg vår makt,
vi har leppene med oss.
Kven er herre over oss?»
6 # 12,6 som blir forakta eller «som lengtar etter hjelp». «Dei hjelpelause blir undertrykte,
og dei fattige stønnar,
difor vil eg reisa meg», seier Herren.
«Eg vil berga den som blir forakta.»
7 # 18,31; 119,140; Ordt 30,5 Herrens ord er reine ord,
sølv lutra i smelteomnen,
sju gonger reinsa.
8Du, Herre, vil vara dei,
verna dei mot denne slekt for alltid
9når lovlause er på ferde overalt
og det usle får makta mellom folk.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på