Filipparane 1

1
Helsing
1 # Apg 16,12ff; 20,6; 1 Tim 1,2+; 3,1.8 # 1,1 Timoteus ein av =Paulus' medarbeidarar, som snart skal reisa til Filippi. Jf. 2,19–24. Filippi viktig by og romersk koloni i provinsen Makedonia. =byar. tilsynsmenn og diakonar =tenester. Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar: 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Takk og bøn for forsamlinga
3 # 1 Kor 1,4; 1 Tess 1,2+ Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. 5For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. 6#1 Kor 1,8; Fil 2,13; 1 Tess 5,24Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7#1,13#1,7 i lenkjer Det er usikkert kva slag fangenskap Paulus sit i, og om «lenkjer» er konkret meint. Truleg er det her tale om ei etter måten mild form for fengsling. Paulus bruker det same uttrykket i v. 13, 14 og 17.Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. 8#Rom 1,9#1,8 hjartelag Det gr. ordet tyder «innvolar». Grekarane rekna innvolane som sete for kjenslene og kunne difor bruka ordet som nemning for hjartevarme og kjærleik.Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 # Kol 1,9f Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10#1 Kor 1,8; Fil 1,6; 2,16så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11#Joh 15,8; Ef 5,9fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.
Alt som har hendt, tener evangeliet
12 # Apg 28,30f; 2 Tim 2,9 Eg vil de skal vita, sysken, at det som har hendt meg, har tent til framgang for evangeliet. 13#Ef 3,1; 4,1; 6,20; Fil 1,7; Kol 4,3.18; Filem 9#1,13 borga namn på residensen til romerske statthaldarar i provinsane (>Mark 15,16) og på forlegningen til den keisarlege livgarden i Roma.For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer. 14#1,14 Ordet Nokre andre handskrifter har «Guds ord».På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet. 15Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje. 16Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet. 17Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera. 18#Luk 9,50Men kva gjer det? Kristus blir i alle tilfelle forkynt, om det er med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over.
Ja, eg skal få endå meir å gleda meg over! 19#2 Kor 1,11#1,19 skal … redning Paulus siterer Job 13,16 etter den greske omsetjinga =Septuaginta.For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande. 20Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.
21 # Gal 2,20 Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning. 22Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja. 23#2 Kor 5,8Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. 24Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare, 25og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. 26Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.
Strid for evangeliet med Kristi sinnelag
27 # Apg 4,32; Ef 4,1.3f; Kol 1,10; 1 Tess 2,12 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet 28#2 Tess 1,4ffog ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk. 29#Matt 5,10ff; Apg 5,41; 1 Pet 4,13For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han. 30#Apg 16,22ffDe står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på