4. Mosebok 5
5
Ureinskap og urett vinning
1 Herren sa til Moses: 2#3 Mos 12–15; 19 «Du skal påleggja israelittane å senda bort frå leiren alle med hudsjukdom, alle med utflod og alle som er ureine etter å ha rørt ved lik. 3#35,34; 5 Mos 23,14 Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå utanfor leiren så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.»
4Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut av leiren. Som Herren sa til Moses, slik gjorde israelittane.
5 Herren sa til Moses: 6Sei til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei synd mot eit anna menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg, 7#3 Mos 5,15f; Sal 32,5; Ordt 28,13 då skal dei vedkjenna synda dei har gjort. Så skal dei gje fullt vederlag for ugjerninga og ein femtedel i tillegg til den dei har gjort urett mot. 8#5,8 løysingsmann her ein slektning som kan ta imot erstatninga på vegner av den skadelidande parten. Jf. 3 Mos 25,48f. =slektssamfunn og justis. Men dersom den andre ikkje har nokon løysingsmann som kan ta imot vederlaget, skal det gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsvêren som han ofrar til soning for syndaren.
9Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans. 10Alle heilage gåver skal vera hans. Alt nokon gjev til presten, skal vera hans.
Lova om sjalusi
11 Herren sa til Moses: 12Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avvegar og er utru mot mannen sin, 13og ein annan mann har samleie med henne. Men mannen hennar veit ikkje om det, for ho har gjort seg urein i det skjulte. Det er ikkje vitne, og ho blir ikkje teken på fersk gjerning. 14Men så kjem det sjalusi over mannen, og han får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at det kjem sjalusi over mannen så han mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein. 15Då skal mannen ta kona si med seg til presten og bera fram offer for henne, ein tiandedels efa byggmjøl. Han skal ikkje slå olje over det og ikkje leggja røykjelse på. For det er eit matoffer for sjalusi og eit påminningsoffer om synd.
16Presten skal føra kvinna fram og stilla henne framfor Herrens andlet. 17#2 Mos 32,20 Så skal han henta heilagt vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i bustaden, og ha det oppi vatnet. 18Når presten har stilt kvinna fram for Herrens andlet, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for sjalusi. I si eiga hand skal presten halda det beiske forbanningsvatnet.
19Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avvegar og gjort deg urein for mannen din, skal du vera fri frå dette beiske forbanningsvatnet. 20Men har du kome på avvegar frå mannen din og gjort deg urein, og har ein annan enn mannen din lege med deg» 21#5,21 underlivet … morslivet Hebr. har «hofte» og «mage». – og no skal presten ta kvinna i eid med forbanningseiden og seia til henne: «må Herren gjera deg til eit teikn på forbanning midt blant folket ditt, må Herren la underlivet ditt falla ned og morslivet svella opp. 22Må forbanningsvatnet koma ned i innvolane dine, så morslivet svell opp og underlivet fell ned.» Og kvinna skal seia: «Amen, amen.»
23Desse forbanningseidane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet. 24Og han skal la kvinna drikka av det beiske forbanningsvatnet så det kan koma inn i henne og gje beisk smerte. 25Så skal presten ta grødeofferet for sjalusi ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens andlet og bera det fram til altaret. 26Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet. 27Når ho drikk av vatnet, og dersom ho er urein og har vore utru mot mannen sin, då skal forbanningsvatnet valda beisk smerte når det kjem ned i henne. Morslivet hennar skal svella opp og underlivet falla ned, og ho skal vera ei forbanning mellom folket sitt. 28Men dersom kvinna ikkje har gjort seg urein, men er rein, då skal ho vera uskadd og framleis kunna få born.
29Dette er lova om sjalusi: Når ei kvinne kjem på avveg og gjer seg urein, 30eller når sjalusi kjem over ein mann og han blir sjalu på kona si, då skal han stilla kvinna fram for Herrens andlet, og presten skal gjera med henne alt det som står i denne lova. 31Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna skal bera den skulda ho sjølv har ført over seg.
Markert nå:
4. Mosebok 5: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).