4. Mosebok 29
29
1 # 3 Mos 23,24f # 29,1 ei heilag samling nyårsdagen. =festar og høgtider. Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko tungt arbeid. Det skal vera ein dag då hornet skal ljoma hos dykk. 2De skal bera fram brennoffer til godange for Herren: ein ung okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil. 3Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren 4og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 5Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk. 6#28,3–8.11–15 Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
7 # 3 Mos 16,29ff; 23,27f # 29,7 Den tiande dagen den store soningsdagen. >3 Mos 16,29. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. De skal visa måtehald og ikkje gjera noko arbeid. 8De skal ofra brennoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil. 9Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren 10og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 11Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det sonande syndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
12 # 3 Mos 23,34ff # 29,12 Den femtande dagen lauvhyttefesten. =festar og høgtider. Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko slags arbeid. I sju dagar skal de feira høgtid for Herren. 13De skal ofra brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren: tretten unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam. Dei skal vera utan feil. 14Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to vêrane 15og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma. 16Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
17Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 18Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 19Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
20Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 21Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 22Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
23Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 24Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 25Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
26Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 27Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 28#28,2ff Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
29Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 30Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 31Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
32Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil. 33Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 34Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
35 # 29,35 høgtidssamling Jf. 3 Mos 23,33ff; Joh 7,37. Den åttande dagen skal de halda ei høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko slags arbeid. 36De skal bera fram brennoffer, gåveoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil. 37Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier. 38Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
39Desse offera skal de bera fram for Herren til fastsette tider, i tillegg til lovnadsoffera og dei frivillige offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.
Markert nå:
4. Mosebok 29: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).