Mika 6
6
Kva Herren krev
1Høyr kva Herren seier:
Reis deg, før di sak for fjella,
lat haugane høyra di røyst!
2Høyr Herrens klage, de fjell
og de faste grunnvollar på jorda!
For Herren klagar sitt folk,
han går i rette med Israel.
3Mitt folk, kva har eg gjort deg?
Kva har eg trøytta deg med?
Svar meg!
4 #
2 Mos 15,20
For eg førte deg opp frå Egypt
og fria deg ut frå slavehuset.
Eg sende Moses, Aron og Mirjam
i spissen for deg.
5 # 4 Mos 22,5ff.18; 23,8; 24,5ff; 25,1; Jos 3,1; 4,19; 24,9f Mitt folk, hugs
planane kong Balak av Moab hadde,
og svaret han fekk av Bileam, son til Beor,
på vegen frå Sjittim til Gilgal,
så du kan skjøna
Herrens frelsesgjerningar.
6 #
Jes 1,11
Kva skal eg koma fram for Herren med
når eg bøyer meg for Gud i det høge?
Skal eg koma til han med brennoffer,
med årsgamle kalvar?
7 #
Sal 50,13
# 6,7 oljebekker store mengder av olje som vart ofra. Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,
titusenvis av oljebekker?
Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,
mi livsfrukt for mi sjels synd?
8 #
5 Mos 10,12
Han har kunngjort for deg, menneske,
kva godt er.
Og kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett,
viser trufast kjærleik
og vandrar audmjukt med din Gud.
Dommen over Jerusalem
9 Herrens røyst ropar til byen,
og det er visdom å frykta ditt namn.
Høyr, du stamme og forsamling!
10 #
3 Mos 19,36
Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdige
og eit forfalska, forbanna efa-mål?
11Kan eg vera rein
med urett vekt
og falske vektlodd i pungen?
12Dei rike i byen øver vald,
innbyggjarane der fer med løgn,
ei svikefull tunge har dei i munnen.
13 #
3 Mos 26,18
Så skal då eg òg byrja å slå deg,
øydeleggja deg for dine synder.
14 #
3 Mos 26,25f Du skal eta og ikkje bli mett,
tom skal du kjenna deg.
Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga,
og den du bergar, gjev eg til sverdet.
15 #
5 Mos 28,38ff Du skal så, men ikkje hausta,
pressa oliven, men ikkje salva deg med olje,
pressa druer, men ikkje drikka ny vin.
16 #
1 Kong 16,25.29f Du har halde Omris forskrifter
og handla som Ahabs hus.
Etter deira råd har de vandra.
Difor skal eg overgje deg til øydelegging
og innbyggjarane dine til spott.
Vanæra til folket mitt må de bera.
Markert nå:
Mika 6: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.