Matteus 22

22
Likninga om bryllaupet for kongssonen
(Luk 14,16–24)
1Så tok Jesus til orde att og tala til dei i likningar: 2#Op 19,7«Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma. 4Då sende han ut andre tenarar og sa: ‘Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!’ 5Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til handelen sin. 6#21,35Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel. 7Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8Så sa han til tenarane: ‘Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verdige. 9Gå difor ut på vegskilja og be til bryllaups alle de finn.’ 10Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 # Op 19,8 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12Kongen seier til han: ‘Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede?’ Men han tagde. 13#8,12+Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’ 14For mange er kalla, men få er utvalde.»
Er det rett å svara skatt til keisaren?
(Mark 12,13–17; Luk 20,20–26)
15Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord. 16#1 Mos 18,19; 2 Sam 22,31; Sal 25,9; Apg 18,25f#22,16 herodianarar truleg namn på ei gruppe mektige personar som støtta den herodianske kongsætta. Meister «lærar», tittel brukt om jødiske lovlærarar. >23,7.9.Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du alltid held deg til sanninga og lærer sant om Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skilnad på folk. 17Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 18Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve? 19Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar. 20«Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han. 21#Rom 13,7«Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» 22Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.
Oppstoda frå dei døde
(Mark 12,18–27; Luk 20,27–40)
23 # Apg 23,8 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24#5 Mos 25,5«Meister, Moses har sagt: ‘Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.25No var det ein gong sju brør hos oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27Sist av alle døydde kvinna. 28Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»
29Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen. 31Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier: 32#2 Mos 3,6Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» 33#7,28+Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.
Dei to store boda
(Mark 12,28–31; Luk 10,25–28)
34Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde fått saddukearane til å teia, kom dei saman. 35Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde: 36«Meister, kva bod er det største i lova?» 37#5 Mos 6,5Han svara: «‘Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.38Dette er det største og første bodet. 39#2 Mos 20,13ff; 3 Mos 19,18; Matt 19,19; Rom 13,9Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.40#7,12På desse to boda kviler heile lova og profetane.»
David og Messias
(Mark 12,35–37; Luk 20,41–44)
41Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei: 42#Joh 7,42«Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David», svara dei. 43#2 Sam 23,2Jesus sa: «Korleis kan då David ved Anden kalla han herre når han seier:
44 # Sal 110,1; Apg 2,34f; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13 Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
under dine føter.
45Om no David kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?» 46#Luk 14,6Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på