3. Mosebok 16

16
Den store soningsdagen
1 # 10,1–7; 23,26–32; 4 Mos 29,7–11 Herren tala til Moses etter at dei to sønene til Aron var døde, dei som døydde då dei steig fram for Herrens andlet. 2#2 Mos 40,34ff; Hebr 9,7Herren sa til Moses: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå innanfor forhenget i heilagdomen, fram til soningsstaden som er loket på paktkista, for då må han døy. For eg viser meg i skya over soningsstaden.
3 # 4,3 Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein vêr til brennoffer. 4#8,6fHan skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, dekkja kroppen med ei bukse av lin, spenna eit linbelte om livet og ta på seg ein turban av lin. Dette er dei heilage kleda. Han skal vaska kroppen med vatn før han tek dei på seg. 5Frå Israels forsamling skal han ta to geitebukkar til syndoffer og ein vêr til brennoffer. 6#Hebr 7,27Aron skal leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og sitt hus. 7Så skal han ta dei to bukkane og stilla dei fram for Herrens andlet, i inngangen til teltheilagdomen. 8#16,8 Asasel kanskje ei vond ånd.Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel. 9Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer. 10Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.
11Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin. 12#2 Mos 30,34fSå skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget. 13#16,13 vitnemålet dei to steintavlene som låg i paktkista. Jf. 2 Mos 40,20. =Guds bustad.Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy. 14#4,6.17.25.30.34; Hebr 9,13; 10,4Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden. 16Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira. 17#Hebr 9,7Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.
18 # 16,18 altarhorna >8,15. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna. 19Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.
20Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken, 21leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen. 22Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.
23Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der. 24Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.
25Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret. 26Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren. 27#6,23; Hebr 13,11fNår blodet er bore inn i heilagdomen til soning, skal syndofferoksen og syndofferbukken førast ut av leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast. 28Den som brenner det, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han koma inn i leiren.
29 # 23,27–32; Jes 58,3.5 # 16,29 den tiande dagen den store soningsdagen (jom kippur), som vart høgtida om hausten, i den sjuande månaden. Jf. 23,27; 25,9. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: I den sjuande månaden, på den tiande dagen, skal de audmjuka dykk. De skal ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd i landet, eller innflyttaren som bur hos dykk. 30For den dagen skal det gjerast soning for dykk så de blir reine. De skal reinsast frå alle syndene dykkar for Herrens andlet. 31Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift. 32Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda, 33og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.
34Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: Éin gong om året skal det gjerast soning for syndene til israelittane.
Det som Herren hadde bode Moses, vart utført.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på