3. Mosebok 11
11
Reine og ureine dyr
1 Herren sa til Moses og Aron: 2#5 Mos 14,3ff Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda: 3Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. 4Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk; 5og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk; 6#11,6 haren … jortar Haren har visse drag som minner om jortarane. Gras som han har svelgt, gulpar han ofte opp att og tygg det ein gong til. og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk; 7og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk. 8Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.
9Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, anten det lever i hav eller elvar, kan de eta. 10Men alt som ikkje har finnar og skjel, anten det finst i havet eller i elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der, det skal vera motbydeleg for dykk. 11Dei skal vera motbydelege for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane skal vera motbydelege for dykk. 12Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera motbydeleg for dykk.
13Desse fuglane skal vera motbydelege for dykk. Dei må ikkje etast, for dei er motbydelege: ørna, lammegribben og svartgribben, 14glenten og alle slag falkar, 15alle slag ramnar, 16strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 17kattugla, skarven og hubroen, 18slørugla, pelikanen og åtselgribben, 19storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.
20Alt kryp som har venger og går på fire, skal vera motbydeleg for dykk. 21Men desse kan de eta av alt kryp som har venger og går på fire: det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med. 22Av dei kan de eta desse: arbe-grashopper, solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper av alle slag. 23Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera motbydeleg for dykk.
24 # 5,2 Dette er dei dyra som de blir ureine av. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds. 25Den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine. Han er urein til kvelds: 26Alle dyr som har hovar og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk. Kvar den som kjem nær dei, blir urein. 27Og alle firføtte dyr som går på labbar, er ureine for dykk. Den som kjem nær den daude kroppen, er urein heilt til kvelds. 28Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Dei er ureine for dykk.
29Av smådyra som myldrar på jorda, er desse ureine for dykk: moldvarpen, musa og alle slag firfisler, 30anaka-firfisla, koah-firfisla, letaa-firfisla, salamanderen og kameleonen. 31Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds. 32Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint. 33Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund. 34Kjem det vatn derifrå på noko som kan etast, blir det ureint. Alt som kan drikkast, blir ureint i slike kar. 35Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk. 36Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein. 37Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint. 38Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.
39Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds. 40#17,15 Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.
41Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast. 42Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege. 43Gjer ikkje dykk sjølve motbydelege ved smådyr av noko slag! Gjer dykk ikkje ureine ved dei, så de ikkje sjølve blir ureine! 44#2 Mos 22,31; 3 Mos 19,2; 20,7.25f For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine ved smådyra som det kryr av på jorda. 45#19,36; 22,32f For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt for å vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.
46Dette er lova om dyra og fuglane, om alle levande skapningar som det kryr av i vatnet, og om alle dyr som myldrar på jorda. 47Ho skil mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast.
Markert nå:
3. Mosebok 11: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).