Josva 16

16
Efraims land
1 # 1 Mos 49,22ff; 5 Mos 33,13ff Området til Josef-stammen strekte seg frå Jordan ved Jeriko, aust for Jeriko-kjelda, gjennom ørkenen som stig opp frå Jeriko, til fjellet ved Betel. 2#16,2 arkittane var eit folk som budde ikkje langt frå Betel. Frå Betel gjekk grensa til Lus og vidare gjennom området til arkittane, til Atarot. 3#16,3 jafletittane folk frå Jaflet, ein stad i Efraim. Jf. 1 Krøn 7,32f. Der tok ho vestover ned til området til jafletittane, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet. 4Slik fekk sønene til Josef, Manasse og Efraim, sine eigedomar.
5Dette var området til Efraim-stammen, slekt for slekt: Grensa for landområdet deira i aust låg ved Atrot-Addar fram til øvre Bet-Horon, 6og gjekk derifrå ut til havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat. Så svinga ho austover til Taanat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah. 7Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Naara og like forbi Jeriko til Jordan. 8Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraim-stammen fekk, slekt for slekt. 9#17,9 I tillegg kom alle byane og landsbyane der omkring som vart skilde ut for dei inne på landområdet til Manasse-stammen. 10#13,13; 15,63; 17,13; Dom 1,29 Men dei tok ikkje landet frå kanaanearane som budde i Geser. Det bur kanaanearar i Efraim den dag i dag, men dei må gjera tvangsarbeid.

Markert nå:

Josva 16: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

Videos for Josva 16