Johannes 20

20
Den oppstadne
(Kap. 20–21)
Den tomme grava
(Matt 28,1–10; Mark 16,1–8; Luk 24,1–12)
1Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2#13,23+; 20,13Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. 4Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9#Apg 2,24ff; 1 Kor 15,4For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10Så gjekk læresveinane heim.
Jesus syner seg for Maria Magdalena
(Mark 16,9–11)
11Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13«Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15«Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» 16«Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17#13,1+#20,17 Rør meg ikkje kan òg omsetjast «Hald meg ikkje att».Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»
18Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
Jesus syner seg for læresveinane
(Matt 28,16–20; Mark 16,15–16; Luk 24,36–49)
19 # 7,13+; 1 Kor 15,5 Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 20#16,22Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21#17,18Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» 22#20,22 anda >3,8; 1 Mos 2,7.Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! 23#Matt 16,19; 18,18; Op 3,7Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»
Tomas
24 # 11,16 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
26 # 20,26 Åtte dagar etter =tidsrekning. Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» 27Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» 28«Min Herre og min Gud!» sa Tomas. 29#1 Pet 1,8Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»
30 # 2,11; 4,54; 21,25 Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. 31#Joh 3,15; 6,40; 1 Joh 5,13Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på