Jesaja 44
44
Herren velsignar Israel
1 #
41,8; 45,4 Høyr no, Jakob, tenaren min,
og Israel, som eg har valt ut!
2 #
43,1+; 44,24 # 44,2 Jesjurun poetisk namn på Israel. Jf. 5 Mos 32,15. Så seier Herren,
som laga deg og forma deg i mors liv,
han som hjelper deg:
Ver ikkje redd, min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3 #
Sal 68,10; Jes 32,15; Esek 39,29; Joel 3,1ff; Joh 7,38ff; Apg 2,1ff Eg auser vatn over det tørste
og bekker over det tørre.
Eg auser min Ande over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
4 #
Sal 1,3; Jer 17,8; Esek 47,12 Dei skal spira fram som siv i vatn,
som poplar attmed bekkefar.
5Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
Ein skal skriva i si hand: «Til Herren»,
og Israel skal han få som heidersnamn.
Den einaste Gud
6 #
41,4+; 45,5; 46,9 Så seier Herren,
kongen som løyser ut Israel,
Herren over hærskarane:
Eg er den første, og eg er den siste,
det finst ingen annan gud enn eg.
7 #
41,22ff+ Kven er som eg?
Lat han ropa ut og fortelja,
leggja fram for meg det som har hendt
frå eg grunnla det eldgamle folket.
Dei skal fortelja til dei
kva som skal koma i framtida.
8 #
Sal 18,32; Jes 43,10.12 Frykt ikkje, ver ikkje redde!
Har eg ikkje frå før av
fortalt og late deg høyra?
De er mine vitne.
Finst det nokon Gud ved sida av meg?
Eg kjenner ikkje til noko anna berg.
Handverkaren og gudebileta
9 #
Sal 115,4ff; Jes 41,24; Jer 10,1ff Dei som formar gudebilete, er tomme, alle saman.
Dei gleder seg over slikt som ikkje hjelper.
Deira vitne ser ikkje, dei skjønar ikkje,
difor blir dei til skamme.
10Kven formar ein gud og støyper eit bilete
om ikkje for å få hjelp?
11 #
45,16
Alle som dyrkar dei, blir til skamme,
handverkarane er berre menneske.
Lat dei alle samlast og stiga fram!
Saman skal dei gripast av skrekk
og bli til skamme.
12 #
40,19
Smeden tek meiselen og arbeider på biletet attmed kolelden. Han formar det med hammar og arbeider på det med sterk arm. Blir han svolten, har han ingen styrke lenger. Drikk han ikkje vatn, blir han trøytt. 13#Apg 17,24#44,13 hus Ordet kan òg nyttast om eit tempel.Treskjeraren spenner ut målesnora. Han teiknar eit omriss med stift og lagar eit bilete med skavjern. Han teiknar eit omriss med passar og lagar eit bilete i skapnad av ein mann, eit vakkert menneske. Det set han i eit hus. 14Han høgg ned sedertre. Han vel seg ut ein sypress eller ei eik og lèt henne veksa seg sterk blant trea i skogen. Han plantar eit furutre, og regnet får det til å veksa. 15#46,6Det skal vera til brensel for menneske. Noko tek han til å verma opp med, noko fyrer han med for å baka brød. Noko lagar han ein gud av, som han tilbed. Han formar eit gudebilete som han bøyer seg for. 16Halvparten brenner han på elden. På denne halvparten legg han kjøtet han skal eta, han steikjer det og blir mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm og god, eg ser elden!» 17#42,17Resten lagar han ein gud av, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Berg meg, for du er min gud!»
18 #
6,10
Dei forstår ikkje og skjønar ikkje. Auga deira er attklistra så dei ikkje kan sjå, hjartet òg, så dei ikkje kan skjøna. 19Han tek det ikkje inn over seg, han har ikkje kunnskap og forstand nok til å seia: «Halvparten brende eg opp, så baka eg brød over glørne. Eg steikjer kjøt og et det. Så lagar eg noko avskyeleg av resten, eg bøyer meg for ein trekubbe!» 20Han gjeter oske, det forvirra hjartet hans har ført han vill, så han ikkje bergar livet og seier: «Er det ikkje løgn i mi høgre hand?»
Herren løyser Israel ut
21 #
49,14f Hugs dette, Jakob,
og Israel, for du er min tenar.
Eg har forma deg, du er min tenar,
Israel, du blir ikkje gløymd av meg.
22 #
1,18; 43,25 Eg stryk bort brota dine som ei skodde
og syndene dine som ei sky.
Vend om til meg, for eg løyser deg ut!
23 #
35,1ff; 49,13; 55,12 Jubla, du himmel,
for Herren har gripe inn!
Rop av fryd, de djup på jord!
Bryt ut i jubel, de fjell,
du skog med alle dine tre!
For Herren løyser ut Jakob,
på Israel viser han sin herlegdom.
24 #
5 Mos 32,6; Sal 104,2ff; Jes 40,22+ Så seier Herren, som løyser deg ut,
og som forma deg i mors liv:
Eg er Herren, som har skapt alt,
åleine har eg spent ut himmelen,
og utan hjelp har eg breidd jorda ut.
25 #
29,14; 1 Kor 1,19f # 44,25 orakelprestane viser til ein type religiøse spesialistar som tyder teikn og orakel ved hjelp av ulike teknikkar, som å studera innvolane på offerdyr o.l. Eg set teikna til orakelprestane ut av kraft
og gjer spåmennene til narr.
Eg driv vismenn tilbake
og gjer deira visdom til dårskap.
26Eg stadfester orda frå tenarane mine
og gjennomfører den planen
sendeboda mine har forkynt.
Eg seier om Jerusalem:
«Det skal bu folk i henne»
og om byane i Juda:
«Dei skal byggjast opp att,
eg skal gjenreisa ruinane.»
27 #
Jos 3,16; Jes 43,16+ Eg seier til havdjupet: «Bli tørt!
Eg tørkar ut straumane dine.»
28 #
2 Krøn 36,22f; Esra 1,1ff; 5,13; Jes 45,13 # 44,28 Kyros >41,2. Eg seier om Kyros: «Min hyrding,
som skal gjennomføra alt det eg vil,
sei om Jerusalem: Ho skal byggjast!
og om tempelet: Det skal grunnleggjast!»
Markert nå:
Jesaja 44: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.