Jesaja 39
39
Sendeboda frå kongen av Babel
1 #
2 Kong 20,12ff; 2 Krøn 32,31 På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk, men no hadde vorte frisk att. 2Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.
3Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom til meg frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.» 4«Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»
5Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren over hærskarane: 6#Jer 20,5Sjå, dagar skal koma då alt det som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren. 7Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.» 8#1 Sam 3,18; 2 Kong 22,20Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Men han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever!»
Markert nå:
Jesaja 39: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.