Jesaja 13

13
Babel og Herrens dag
1 # 21,1ff; Jer 50,1ff; 51,1ff # 13,1 Babel >1 Mos 11,9. Ein bodskap om Babel som Jesaja, son til Amos, fekk sjå:
2 # 13,2 dei persarane og medarane, som skulle vinna over babylonarane («storfolk»). Lyft banneret på snaue fjellet,
rop høgt til dei,
vink med handa
så dei kan dra inn gjennom storfolks portar.
3Eg har sjølv kalla inn mine heilage krigarar
som skal tena min vreide,
eg har samla mine krigsmenn,
dei som jublar over mitt velde.
4Høyr ståket på fjella
som frå eit stort folk!
Høyr larmen av kongerike,
folkeslag som samlar seg!
Herren over hærskarane mønstrar ein hær til strid.
5Frå eit land langt borte,
der himmelen endar,
kjem Herren
og den reiskapen han bruker i sin harme
for å øydeleggja heile jorda.
6 # Joel 1,15 # 13,6 Den veldige hebr. Sjaddai. =Guds namn. Klag, for Herrens dag er nær.
Som vald frå Den veldige kjem han.
7 # Nah 2,11 Difor blir alle hender slappe,
kvart menneskehjarte smeltar bort.
8 # Sal 48,7; Jes 21,3; Jer 4,31; Mi 4,10 Dei blir slegne av skrekk,
dei blir gripne av krampe og smerte,
dei får rier lik ei kvinne som skal føda.
I redsle stirer dei på kvarandre,
andleta er som eld.
9 # 34,8; Joel 1,15 Sjå, Herrens dag kjem
med gru og harme og brennande vreide
for å leggja jorda aud
og utrydda syndarane der.
10 # 50,3; Esek 32,7; Joel 2,10; 3,4.20; Am 5,8; Matt 24,29 For stjernene på himmelen og stjernebileta
lèt ikkje lyset skina,
mørk er sola når ho står opp,
og månen gjev ikkje lys.
11 # 2,11; 5,15 Eg krev jorda til rekneskap for vondskapen
og dei lovlause for deira synd.
Eg gjer ende på dei stolte og frekke
og slår ned hovmodige valdsmenn.
12 # 1 Kong 9,28; Job 28,16 Eg gjer menneske
meir sjeldne enn reint gull
og folk meir sjeldne enn Ofir-gull.
13 # Nah 1,5; Op 6,14 Difor får eg himmelen til å skjelva,
og jorda blir rist ut av lage
fordi Herren over hærskarane er harm,
det er dagen for hans brennande vreide.
14Lik jaga gasellar
og sauer som ingen sankar,
skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk
og kvar og ein flykta til sitt eige land.
15Alle som blir funne, skal stikkast ned,
og alle som blir gripne, skal falla for sverd.
16 # 2 Kong 8,12; Sal 137,9 Dei små borna skal knusast framfor auga på dei,
husa skal plyndrast og kvinnene bli valdtekne.
17 # Jer 51,11 Sjå, mot dei hissar eg medarane,
dei bryr seg ikkje om sølv
og har ikkje lyst på gull.
18 # Nah 3,10 Bogane deira feller unge gutar,
dei viser ikkje nåde mot frukta i mors liv,
auga har ikkje medynk med born.
19 # 1 Mos 19,15.23–25; Jes 1,9; Jer 49,18 Med Babel, det herlegaste kongeriket,
kaldearens stolte pryd,
skal det gå som då Gud
øydela Sodoma og Gomorra.
20Aldri meir skal nokon slå seg ned der,
frå slekt til slekt skal ingen bu der.
Ingen ørkenbuar skal slå opp telt der
og ingen gjetar la dyra kvila der.
21 # 34,13ff; Jer 50,39; Sef 2,14 # 13,21 bukkar det hebr. ordet for «bukk» tyder her kanskje demonar eller gudar i bukkeskapnad. =Septuaginta omset «vond ånd». Jf. 3 Mos 17,7; Op 18,2. Men ørkendyr skal kvila der
og husa fyllast av ugler.
Der skal strutsar bu,
og der skal bukkar dansa.
22Hyenar skal ula i borgene
og sjakalar i lystslotta.
Babels time nærmar seg,
hennar dagar blir ikkje mange.

Markert nå:

Jesaja 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på