Hosea 9

9
Gjengjeldinga kjem
1 # Sal 73,27; Esek 20,30; Mi 1,7 Gled deg ikkje, Israel!
Jubla ikkje som folkeslaga!
For du har hora deg bort frå din Gud.
Du tok gjerne imot betaling
på alle korntreskjeplassar.
2Treskjeplass og vinpresse skal ikkje fø dei,
den nye vinen skal svikta dei.
3 # Esek 4,13; Am 7,17 Dei skal ikkje få bu i Herrens land.
Efraim skal attende til Egypt,
og i Assur skal dei eta urein mat.
4 # 5 Mos 26,14; Hos 8,13+ Dei skal ikkje ofra vin til Herren,
slaktoffera deira kan ikkje gleda han.
Det skal vera som sørgjebrød for dei,
alle som et det, blir ureine.
For brødet sitt har dei for seg sjølve,
det kjem ikkje til Herrens hus.
5 # 3 Mos 23,39f Kva vil de gjera på høgtidsdagen,
Herrens festdag?
6 # 9,6 Memfis >Jes 19,13. Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga,
skal Egypt samla dei saman,
Memfis gravleggja dei.
Nesler skal løyna deira skattar av sølv,
tornekratt skal veksa i telta deira.
7Dagane for straff er komne,
dagane for gjengjelding er komne,
det skal Israel få merka.
«Profeten er ein dåre,
åndsmannen er utan vit!»
Ja, fordi di skuld er så stor
og din fiendskap så sterk!
8 # Jes 21,6; Jer 6,17; Esek 3,17ff; Hos 5,1 Profeten er Efraims vaktar, saman med min Gud,
men snarer er det på alle vegane hans,
fiendskap i huset til hans Gud.
9 # 9,9 Gibeas dagar Det er kanskje tenkt på den ugjerninga som blir skildra i Dom 19–21. Dei har vorte like djupt forderva
som i Gibeas dagar.
Han skal hugsa skulda deira
og straffa syndene deira.
Efraim skal ikkje lenger bera frukt
10 # 4 Mos 25,3; Jer 3,24 # 9,10 Baal-Peor Bet-Peor. Jf. 4 Mos 25; 5 Mos 3,29. skamma nytta som omskriving for guden Baal. Jf. Jer 3,24; 11,13. Eg fann Israel
som druer i ørkenen,
eg såg fedrane dykkar
som tidleg frukt på fikentreet.
Men då dei kom til Baal-Peor,
vigde dei seg til skamma
og vart like motbydelege som han dei elska.
11Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.
Ingen føder, ingen er gravide,
og ingen blir med barn.
12Jamvel om dei fostrar born,
skal eg ta frå dei kvart einaste eitt.
Ja, ve dei
når eg går bort frå dei!
13 # Esek 27,3 # 9,13 Efraim … drep Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Efraim er planta i ei eng,
det er som eg såg bort til Tyros.
Men Efraim må føra sine born ut
til han som drep.
14Gjev dei, Herre!
Kva skal du gje?
Gjev dei morsliv som mistar barnet,
og bryst som tørkar inn.
15 # Jes 1,23; Hos 4,15 # 9,15 Gilgal by i Jordan-dalen, eit viktig religiøst og politisk sentrum. >Jos 4,19. Det var òg i Gilgal israelittane stadfeste kongedømet, 1 Sam 11,14f, noko Hosea kritiserer. Jf. 8,4. All deira vondskap viste seg i Gilgal,
der la eg dei for hat.
Fordi dei har gjort så mykje vondt,
vil eg driva dei ut av mitt hus.
Eg kan ikkje elska dei lenger,
alle førarane deira er opprørarar.
16 # Jona 4,7 Efraim er slegen,
rota deira har vorte tørr,
dei skal ikkje lenger bera frukt.
Og sjølv om dei føder,
vil eg drepa deira dyre livsfrukt.
17 # 5 Mos 28,64f Min Gud skal forkasta dei
fordi dei ikkje har høyrt på han.
Dei skal flakka omkring mellom folka.

Markert nå:

Hosea 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på