Hebrearane 4

4
Guds folk har ei kvile i vente
1Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld. 2For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det. 3#3,11 Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Aldri skal dei koma inn til mi kvile!
Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd. 4#1 Mos 2,2 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar. 5#Sal 95,11 Men her seier han: «Aldri skal dei koma inn til mi kvile!» 6Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7#Sal 95,7f; Hebr 3,7f Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.
8 # 5 Mos 31,7; Jos 22,4 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. 10#Op 14,13 Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. 11Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.
12 # Jes 49,2; Jer 23,29; Ef 6,17; Op 1,16; 2,12.16; 19,15 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. 13#Job 34,21f; Sal 139,1ff Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.
Jesus, den store øvstepresten
(4,14–10,18)
Prøvd i alt
14 # 2,17; 3,1; 5,1.10; 6,20; 7,26; 8,1; 9,11 # 4,14 øvsteprest den leiande mellom prestane, og den einaste som ein gong i året kunne gå inn i Det høgheilage i tempelet, til Gud. =prest. Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15#Matt 4,1ff; Joh 8,46; Hebr 2,17f For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16#10,19ff Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på