2. Mosebok 35

35
Sabbatsbodet
1Moses samla heile Israels forsamling og sa til dei: Dette er det Herren har bode dykk å gjera: 2#20,8ff+ I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera heilag for dykk. Han skal vera ein sabbat, ein kviledag for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på den dagen, skal døy. 3De skal ikkje gjera opp eld i nokon av bustadene dykkar på sabbatsdagen.
Gåver til teltheilagdomen
4Moses tala til heile forsamlinga i Israel: Dette er det Herren har gjeve påbod om: 5#25,2ff De skal gje ei offergåve til Herren av det de eig! Kvar den som gjev av eit villig hjarte, skal koma til Herren med gåva: gull, sølv og bronse, 6purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, fint lin og geiteragg, 7raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre, 8olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen, 9onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket. 10Alle dei av dykk som har visdom i hjartet, skal koma og laga alt det som Herren har bode dykk: 11bustaden med telt og dekke, med krokar og plankar, tverrstenger, søyler og soklar, 12#25,10ff+; 26,31ff paktkista med stenger, soningsloket og forhengsteppet, 13#25,23ff bordet med stenger og alt som høyrer til, og skodebrøda, 14lysestaken med det som høyrer til, og lampene og oljen til lampene, 15#30,1ff.23ff røykjelsesaltaret med stenger, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen og teppet framfor inngangen til bustaden, 16#27,1ff; 30,17ff brennofferaltaret med bronserista, stengene og alt som høyrer til, og fatet med understell, 17#27,9ff omhenga til føregarden med søyler og soklar og teppet framfor porten til føregarden, 18pluggane og snorene til bustaden og føregarden, 19#28,4ff+ prestedraktene til tenesta i heilagdomen, dei heilage kleda for presten Aron og kleda for sønene hans til prestetenesta.
20Så gjekk heile Israels forsamling bort frå Moses. 21Og alle som kjende seg drivne til det og hadde ei villig ånd, kom fram med offergåver til Herren. Gåvene skulle brukast til arbeidet på teltheilagdomen og til all tenesta der, og til dei heilage kleda. 22#35,22 svingeoffer >29,24. Dei kom, både menn og kvinner. Alle som hadde eit villig hjarte, kom med naseringar, øyreringar, fingerringar og smykkesteinar – alle slag smykke av gull. Alle dei som ville bera fram eit svingeoffer av gull for Herren, kom fram. 23Kvar den som hadde purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, fint lin og geiteragg, raudfarga vêrskinn og andre fingarva skinn, kom med det. 24Alle som ville gje ei offergåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet. 25Kvar kvinne som hadde visdom i hjartet til å spinna, kom med det ho hadde spunne i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn og fint lin. 26Og alle kvinner som kjende seg drivne og hadde visdom til det, spann garn av geiteragg. 27Leiarane kom med onyks-steinar og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket, 28og krydra balsam og olje til lampene, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen. 29Kvar mann og kvinne som gav av eit villig hjarte, kom fram for å gje sitt til det arbeidet som Herren gjennom Moses hadde bode dei å gjera. Slik bar israelittane fram ei frivillig offergåve til Herren.
Handverkarane får oppdraget
30 # 31,2ff+ Moses sa til israelittane: Sjå, Herren har valt ut Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen. 31Han har fylt han med Guds ånd, med visdom, innsikt og kunnskap, og med dugleik til alle slag handverk, 32så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse, 33slipa steinar til innfatning, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk. 34Han har gjeve han og Oholiab, son til Ahisamak frå Dan-stammen, evna til å læra opp andre. 35Han har fylt dei med visdom i hjartet til å gjera alt slag handverk og kunstnarleg arbeid, og til å veva i farga garn og fint lin – i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt. Dei skal tenkja ut og laga kunsthandverk av alle slag.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på