5. Mosebok 30

30
Herren vil samla folket
1 # 28,2–68 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til deg i hjartet ditt ute blant alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, 2#3 Mos 26,40; 5 Mos 4,30og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og lyder hans røyst i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, 3#Sal 106,45f; Jer 29,14; 31,23; 32,37då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Herren din Gud vil på nytt samla deg frå alle dei folka han har spreidd deg ut iblant. 4#Neh 1,9Om du så er driven bort til enden av himmelen, skal Herren din Gud samla deg derifrå, og derifrå skal han henta deg. 5#1 Mos 17,2; 22,17Herren din Gud vil føra deg til det landet fedrane dine tok, og du skal ta det på nytt. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå meir talrik enn fedrane dine.
6 # Jer 4,4; 31,31–34; Esek 11,19f; Rom 2,29; Fil 3,3; Kol 2,11 # 30,6 omskjera hjartet >3 Mos 26,41. Herren din Gud skal omskjera hjartet ditt og hjartet til etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel, slik at du skal få leva. 7Herren din Gud vil leggja alle desse forbanningane på fiendane dine og på dei som hatar og forfølgjer deg. 8Då skal du venda om og lyda Herrens røyst og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag. 9#28,11; Jer 32,41Gjennom alt du gjer, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av alt det som godt er, gjennom frukta av ditt morsliv og frukta av din buskap og frukta av ditt åkerland. For Herren vil atter gleda seg over deg til beste for deg, slik som han gledde seg over fedrane dine, 10så sant du lyder Herren din Gud og held boda og forskriftene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile din hug.
11 # Jes 48,16 Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte. 12#Rom 10,6ffDei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan få høyra dei og leva etter dei?» 13Dei er heller ikkje på andre sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?» 14Nei, ordet er deg heilt nær, i munnen din og i hjartet ditt, så du kan leva etter det.
Valet mellom liv og død
15 # 3 Mos 26,3f.14–17; 5 Mos 11,26–28; 28 Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde. 16Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og går på hans vegar og held hans bod, forskrifter og dommar, då skal du leva og bli talrik. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.
17Men om hjartet ditt vender seg bort og du ikkje lyder, men lèt deg riva med og tilbed andre gudar og dyrkar dei, 18#Jos 23,16då kunngjer eg dykk i dag at de skal gå fullstendig til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som du no går over Jordan for å ta.
19 # 4,26; Jer 8,3; 21,8 Himmel og jord tek eg i dag til vitne mot dykk. Eg har lagt fram for deg liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så du og etterkomarane dine kan få leva. 20#4,40; 5,33Du skal elska Herren din Gud, lyda hans røyst og halda fast ved han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren med eid lova å gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på