Amos 3
3
Utveljing og ansvar
1Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar,
mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:
2 #
2 Mos 19,5f; 5 Mos 7,6ff Berre dykk ville eg kjennast ved
mellom alle slektene på jorda.
Difor vil eg straffa dykk
for alle syndene dykkar.
Profetkallet tvingar
3Går vel to i lag
utan å ha ein avtale?
4Brøler vel løva i skogen
utan å ha eit bytte?
Knurrar ungløva i hòla
utan å ha fanga noko?
5Fell vel fuglen til jorda
utan at ei felle er sett opp?
Sprett snara frå marka
utan at ho har fanga noko?
6 #
Jes 31,2; 45,7; Klag 3,38; Mi 1,12 # 3,6 ei ulukke Jf. Jes 45,7. Gjallar hornet i byen
utan at folket skjelv?
Skjer det ei ulukke i byen
utan at Herren har gjort det?
7 #
Op 1,1
Nei, Herren Gud gjer ikkje noko
utan å openberra sitt løynde råd
for tenarane sine, profetane.
8 #
Jer 20,7
Løva brøler
– kven blir ikkje redd?
Herren Gud talar
– kven blir ikkje profet?
Dom over Samaria
9 #
4,1; 6,1; 8,14 Lat det høyrast over borgene i Asjdod
og over borgene i Egypt, og sei:
Kom saman på fjella kring Samaria!
Sjå den store forvirringa hos henne
og undertrykkinga i byen!
10 #
Esek 45,9
Dei veit ikkje å gjera det rette,
seier Herren.
Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.
11Difor seier Herren Gud:
Fienden skal omringa landet,
riva ned festninga di,
borgene skal plyndrast.
12Så seier Herren:
Som gjetaren bergar
to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet,
slik skal israelittane bergast,
dei som sit i sofahjørne i Samaria
og på divanar i Damaskus.
13Høyr og ver vitne mot Jakobs hus!
seier Herren Gud, allhærs Gud.
14 #
2 Kong 23,15
# 3,14 Betel viktig religiøst og politisk sentrum lengst sør i Nordriket. >1 Kong 12,29. Altarhorna =horn, altarhorn. Ja, den dagen eg straffar Israel
for syndene deira,
lèt eg straffa råka altara i Betel.
Altarhorna blir hogne av
og fell til jorda.
15 #
6,4.11 # 3,15 Elfenbeinshus rikmannshus, prydde med kostesamt elfenbein. Det er funne restar av elfenbein i ruinane i Samaria. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus.
Elfenbeinshus skal gå til grunne
og store bygningar siga i røys,
seier Herren.
Markert nå:
Amos 3: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.