Apostelgjerningane 18
18
Paulus i Korint
1 # 18,1 Korint romersk koloni og hovudstad i den romerske provinsen Akaia, åtte mil vest for Aten, politisk viktig handelsby med eit mangfald av religionar og folkeslag. =byar. Sidan tok Paulus ut frå Aten og drog til Korint. 2#18,2 Akvilas, Priskilla Ekteparet var blant dei viktigaste medarbeidarane til Paulus. Jf. Rom 16,3; 1 Kor 16,19; 2 Tim 4,19. Pontos landskap ved Svartehavskysten i Vesleasia. Claudius >11,28.Der trefte han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, fordi keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle forlata Roma. Paulus tok inn hos dei, 3#20,33ff; 1 Kor 4,12; 1 Tess 2,9; 2 Tess 3,8og sidan dei dreiv same handverket – dei var teltmakarar – vart han buande der og arbeidde i lag med dei. 4Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.
5 #
9,22+; 2 Kor 1,19; 1 Tess 3,6 Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias. 6#Matt 10,14; Apg 13,46+Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.» 7Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen. 8#1 Kor 1,14Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.
9 #
1 Kor 2,3
Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala! 10#2 Mos 3,12; Jos 1,5.9; Jes 41,10; 43,5; Matt 28,20Eg er med deg, og ingen skal røra deg eller gjera deg noko vondt, for eg har mykje folk i denne byen.» 11Så vart han buande der i eitt år og seks månader og lærte dei Guds ord.
12 # 18,12 Gallio bror til filosofen Seneca, guvernør i Akaia 51–52 e.Kr. Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. 13«Denne mannen», sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» 14#23,29; 25,18fPaulus fekk ikkje opna munnen før Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller ein kjeltringstrek det gjaldt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. 15Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.» 16Dermed jaga han dei bort frå domstolen. 17Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.
Tilbake til Syria
18 #
21,24
# 18,18 Kenkreæ ein av dei to hamnebyane til Korint, ca. 11 km aust for byen. Jf. Rom 16,1. ein lovnad truleg ein nasirearlovnad. Jf. 4 Mos 6,1ff. Så lenge lovnaden gjaldt, vanlegvis 30 dagar, måtte han m.a. ikkje klippa håret. =religiøse skikkar og ordningar. Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad. 19#18,19 Efesos stor handelsby på vestkysten av Vesleasia og eit sentrum for misjonsarbeidet til Paulus. =byar.Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane. 20Dei bad han vera lenger. Han avslo, 21#Rom 1,10; 1 Kor 4,19; 16,7; Jak 4,15men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos. 22#18,22 forsamlinga truleg forsamlinga i Jerusalem.Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp til Jerusalem og helsa på forsamlinga. Så fór han ned til Antiokia.
Paulus på tredje misjonsreisa
(18,23–21,16)
23 # 18,23 Galatia-området og Frygia Jf. 16,6. Der vart han verande ei tid og tok så ut att. Han drog frå stad til stad gjennom Galatia-området og Frygia og styrkte alle læresveinane.
Apollos
24 #
1 Kor 1,12; 3,5f; 16,12 # 18,24 Aleksandria hovudstaden i Egypt, ein av dei største byane i Romarriket og eit framståande kultur- og utdanningssentrum. Mange av innbyggjarane var jødar, og byen vart svært tidleg eit sentrum for kristendomen. Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene. 25#19,2ff#18,25 Herrens veg >9,2.Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. 26#18,2Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg. 27Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru. 28#9,22+For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Messias.
Markert nå:
Apostelgjerningane 18: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.