Apostelgjerningane 14

14
I Ikonium
1Også i Ikonium gjekk dei inn i den jødiske synagogen, og dei tala slik at ei stor mengd kom til tru, både jødar og grekarar. 2Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne. 3#Mark 16,20; Apg 19,11; Hebr 2,4 Likevel vart dei verande der ei tid og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera. 4Folket i byen delte seg. Somme heldt med jødane, somme med apostlane. 5#2 Tim 3,11 Men då dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene sine hadde tenkt å mishandla dei og steina dei, 6#Matt 10,23 rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring. 7Der forkynte dei evangeliet.
I Lystra
8 # 3,2ff I Lystra var det ein mann som var utan kraft i føtene. Han hadde vore lam heilt frå mors liv og hadde aldri gått. 9Denne mannen sat og høyrde Paulus tala. Paulus såg han rett inn i auga, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne bli lækt, 10#Jes 35,6; Apg 3,6f+ sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då sprang han opp og gjekk omkring. 11#28,6 Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i å ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte lik menneske og stige ned til oss!» 12#14,12 Zevs den greske hovudguden. Hermes bodberar for gudane, gud for talekunst og handel. =framande gudar. Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet. 13Presten i Zevs-tempelet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket. 14#14,14 reiv … sund kappene uttrykk for sorg når Gud blir spotta. Jf. 1 Mos 37,29. =sørgjeskikkar. Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang ut til folkemengda 15#Apg 4,24+; 10,26; 1 Tess 1,9 og ropa: «Kva er det de gjer? Vi er då vanlege menneske, akkurat som de! Vi forkynner dykk evangeliet, at de må venda om frå desse maktlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som er i dei. 16#17,30 I tidlegare tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar. 17#Sal 104,27f; Jer 5,24; Apg 17,26f Og likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.» 18Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.
19 # 2 Kor 11,25; 2 Tim 3,11 Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død. 20Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.
Tilbake til Antiokia i Syria
21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia. 22#Matt 10,38+; Apg 13,43; 1 Tess 3,3; 2 Tim 3,12 Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.» 23#13,3; Tit 1,5 I kvar forsamling valde dei ut eldste og gav dei med bøn og faste over til Herren, han som dei var komne til tru på. 24Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia. 25Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia. 26#13,1f Derifrå segla dei til Antiokia, den staden der dei hadde vorte overgjevne til Guds nåde for å gjera det verket dei no hadde fullført. 27#15,4.12; 1 Kor 16,9+ Då dei kom dit, kalla dei saman forsamlinga og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane. 28Her vart dei verande ei god stund hos læresveinane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på