2. Tessalonikar 3
3
Ønske om forbøn
1 #
Rom 15,30+; Ef 6,18f Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må få fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk! 2Og be om at vi må bli berga frå vrange og vonde menneske – for det er ikkje alle som trur. 3#Joh 17,15; 1 Kor 1,9; 10,13; 1 Tess 5,24Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde. 4Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk. 5Gjev Herren må leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!
Mot uorden og ulydnad
6 #
Matt 18,17; Rom 16,17+; 1 Tess 4,1 # 3,6 de fekk Svært mange handskrifter har «dei fekk». Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss. 7#1 Kor 4,16; 11,1; Fil 3,17; 1 Tess 1,6De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk, 8#1 Tess 2,9og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk. 9#Matt 10,10; 1 Kor 9,6ff; 1 Tess 1,6Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss. 10#1 Mos 3,19For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta. 11#1 Tim 5,13Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv. 12#1 Tess 4,11Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.
13 #
Gal 6,9
Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er! 14#1 Kor 5,9.11; 2 Tess 3,6Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, så han ser si skam. 15#Gal 6,1Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.
Sluttord
16 #
Rom 15,33; 1 Tess 5,23 Må fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!
17 # 3,17 skriv … med mi eiga hand Paulus skreiv til vanleg ikkje breva sine sjølv, men dikterte dei til skrivarar. Her legg han til noko med eiga hand. Jf. 1 Kor 16,21; Gal 6,11; Kol 4,18; Filem 19. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.
18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!
Markert nå:
2. Tessalonikar 3: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fno.png&w=128&q=75)
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.