2. Samuelsbok 24
24
Folketeljing og pest
1 #
4 Mos 25,3; 1 Krøn 21,1–6 Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han sette David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!» 2Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hos han: «Far ikring til alle Israel-stammane, frå Dan til Beer-Sjeba. Du skal mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.» 3#5 Mos 1,11Joab svara kongen: «Måtte Herren din Gud la kongen sjå med eigne auge at folket blir hundre gonger så talrikt som no! Men kvifor vil min herre kongen gjera dette?» 4Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab og hærførarane.
Då drog Joab og hærførarane bort frå kongen for å mønstra Israelsfolket. 5#5 Mos 2,36#24,5 byrja med Omsetjinga følgjer =Septuaginta.Dei sette over Jordan og byrja med Aroer og byen som ligg midt i dalen Gad, og dei heldt fram til Jaser. 6Så kom dei til Gilead og området ved Tahtim-Hodsji, og så til Dan-Jaan. Derifrå bøygde dei av mot Sidon. 7Så kom dei til festningsbyen Tyros og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Beer-Sjeba. 8Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem. 9Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen krigarar, våpenføre menn, og i Juda fem hundre tusen.
10 #
1 Sam 24,6; 2 Sam 12,13; 1 Krøn 21,7–17 Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjartet, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men ta no bort skulda til din tenar, Herre, for eg har bore meg uvitug åt.»
11 #
1 Sam 22,5
Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren til David: 12«Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.» 13#Jer 29,17; Esek 6,11fSå gjekk Gad til David og melde det til han. Han sa: «Skal det koma hungersnaud over landet ditt i sju år? Skal du vera på flukt frå fiendane dine i tre månader medan dei forfølgjer deg? Eller skal det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.» 14David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
15 #
1 Krøn 27,24
Då lét Herren pesten koma over Israel. Pesten varte frå morgonen og til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Beer-Sjeba. 16#1 Mos 6,6+#24,16 Då David … sekkestrie Omsetjinga følgjer eit handskrift frå =Qumran. Jf. 1 Krøn 21,16. sekkestrie >3,31.Men då engelen rette handa ut mot Jerusalem for å øydeleggja byen, angra Herren det vonde. Han sa til engelen som herja mellom folket: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Aravna. °Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Dei eldste kasta seg då til jorda, kledde i sekkestrie.• 17#4 Mos 16,22Då David fekk sjå engelen som slo ned folket, sa han til Herren: «Det er eg som har synda; det er eg som har bore meg ille åt. Men desse, som eg er gjetar for, kva vondt har dei gjort? Lat heller handa di ramma meg og huset til far min.»
18 #
1 Krøn 21,18–22,1
Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp og reis eit altar for Herren på treskjevollen til jebusitten Aravna!» 19Så gjekk David dit opp, som Herren hadde pålagt han gjennom Gad. 20#24,20 kongen og tenarane hans Eit handskrift frå =Qumran har ein litt annan og lengre tekst, men ufullstendig bevart.Då Aravna såg nedover, fekk han auge på kongen og tenarane hans, som kom mot han. Aravna gjekk ut og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda. 21#4 Mos 16,48.50Aravna spurde: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så pesten kan halda opp å herja i folket.» 22#1 Sam 6,14Då sa Aravna til David: «Min herre kongen må berre ta han og ofra kva han vil! Sjå, oksane er til brennoffer og treskjesledane og åket til oksane til ved. 23Alt dette, konge, vil Aravna gje til kongen.» Og han la til: «Måtte Herren din Gud visa velvilje mot deg!» 24#24,24 50 sjekel ca. 570 g.Men kongen sa til Aravna: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sjekel sølv. 25#21,14Der bygde David eit altar for Herren og bar fram brennoffer og fredsoffer. Då høyrde Herren bønene for landet, og pesten heldt opp å herja i Israel.
Markert nå:
2. Samuelsbok 24: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.