2. Samuelsbok 22

22
David syng
1 # Sal 18,1ff Herren hadde berga David frå alle fiendane hans og frå Saul, bar David fram denne songen for Herren. 2Han sa:
Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,
3min Gud er fjellet der eg søkjer livd.
Han er mitt skjold og mi frelse, min styrke og mitt vern,
mi tilflukt, min frelsar som friar meg frå vald.
4Eg ropa til Herren, han som får lovsong,
og eg vart frelst frå mine fiendar.
5Dødens brotsjøar braut ikring meg,
malstraumane skremde meg.
6Dødsrikets band vart spente om meg,
dødens snarer venta meg.
7I mi naud kalla eg Herren,
eg ropa til min Gud.
Han høyrde meg frå sitt tempel,
mitt rop nådde hans øyre.
8Då skalv og skaka jorda,
himmelens grunnvollar riste,
dei skalv fordi han var harm.
9Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn,
gneistar loga opp frå han.
10Han bøygde himmelen og steig ned,
under føtene hans var mørke skyer.
11Han reid på kjeruben, han flaug
og kom til syne på vindens venger.
12Han gjorde mørkret til sitt telt,
hadde svarte, regntunge skyer kring seg.
13Gneistar og glør loga opp
frå stråleglansen framfor han.
14 Herren torna frå himmelen,
Den høgste lét røysta lyda.
15 # 22,15 piler >Sal 18,15. Han skaut sine piler og spreidde dei,
han skremde dei med lyn.
16Rennene på havbotnen kom til syne,
grunnvollane under jorda viste seg
Herren truga,
då han fnyste av vreide.
17Han rette ut handa frå det høge og greip meg,
drog meg opp or veldige vatn.
18Han berga meg frå min mektige fiende
då dei som hata meg, var for sterke.
19På ulukkedagen kom dei imot meg,
men Herren var mi støtte.
20Han førte meg ut i ope land
og fria meg ut, for han har glede i meg.
21 Herren gav meg att for mi rettferd,
han lønte meg, for mine hender var reine.
22Eg hadde halde meg til Herrens vegar
og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23Alle hans lover hadde eg for auge,
eg veik ikkje av frå hans forskrifter.
24For han var eg heil i mi ferd,
eg akta meg vel for å synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferd
då han såg at eg var rein.
26Du er trufast mot den som er tru,
heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.
27Du viser deg rein mot den som er rein,
men vrang mot den som fer med svik.
28Du frelser eit folk i naud,
men auga dine er vende mot dei stolte,
du audmjukar dei.
29For du er mi lampe, Herre,
Herren lyser opp mitt mørker.
30Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som søkjer tilflukt hos han.
32For kven er Gud om ikkje Herren,
kven er eit berg om ikkje vår Gud?
33Gud er mitt sterke vern,
han gjer mi ferd heil.
34Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35Han lærer opp hendene mine til krig,
armane spenner bogen av bronse.
36Du gjev meg di frelse til skjold,
bøyer deg ned og gjer meg stor.
37Du opnar veg for mine steg,
anklane mine vaklar ikkje.
38Eg jagar mine fiendar og slettar dei ut,
eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39Eg gjer ende på dei og knuser dei
så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg falne under mine føter.
40Du kler meg med styrke til krigen
og tvingar mine motstandarar i kne.
41Du slår mine fiendar på flukt,
eg utryddar dei som hatar meg.
42Dei ser seg om, men det er ingen frelsar,
dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.
43Eg knuser dei som støv på jorda,
trør og trakkar dei ned som søle i gata.
44Du bergar meg frå mitt folk som ligg i strid,
held meg oppe som hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, må tena meg;
45framande kryp for meg,
dei lyder berre dei høyrer om meg.
46Dei framande visnar,
skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47 Herren lever! Velsigna er mitt berg!
Opphøgd er Gud, min frelsar og mitt berg.
48Gud lèt meg få hemn,
han legg folkeslag under meg.
49Han friar meg frå mine fiendar.
Du lyfter meg over motstandarar
og bergar meg frå valdsmenn.
50Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,
og lovsyngja ditt namn.
51Han gjev sin konge store sigrar,
han viser miskunn mot den han har salva,
mot David og hans ætt til evig tid.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på