2. Kongebok 3

3
Krigen mot Moab
1 # 1,17 I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Ahab, konge i Israel. Joram styrte i Samaria i tolv år. 2#1 Kong 16,32Joram gjorde det som vondt var i Herrens auge, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Baal-støtta som far hans hadde laga. 3Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på. Dei vende han seg ikkje bort frå.
4Mesja, kongen i Moab, dreiv med saueal. I skatt til Israels-kongen betalte han hundre tusen lam og ulla av hundre tusen vêrar. 5Men då Ahab døydde, gjorde kongen i Moab opprør mot kongen i Israel. 6Straks drog kong Joram ut frå Samaria og mønstra heile Israel. 7#1 Kong 22,4Så sende han bod til Juda-kongen Josjafat og sa: «Kongen i Moab har gjort opprør mot meg. Vil du gå i krig mot Moab saman med meg?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» 8«Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»
9 # 3,9 hadde vore undervegs Sannsynlegvis runda dei sørspissen av Daudehavet. Jf. v. 8. Så drog kongane i Israel, Juda og Edom av stad. Men då dei hadde vore undervegs i sju dagar, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra dei hadde med seg. 10Då kom det frå Israels-kongen: «Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane!» 11#1 Kong 22,5#3,11 brukte å slå vatn over Uttrykket tyder at han var Elias næraste tenar.Men Josjafat sa: «Finst det ikkje ein Herrens profet her så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene til Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, han som brukte å slå vatn over hendene til Elia.» 12Josjafat sa: «Ja, hos han er Herrens ord.» Så gjekk han ned til profeten saman med kongane i Israel og Edom.
13 # 1 Kong 18,19 Elisja sa til Israels-kongen: «Kva har du og eg med kvarandre å gjera? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane ut for å gje dei i hendene på moabittane.» 14Då sa Elisja: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: Var det ikkje for Juda-kongen Josjafats skuld, ville eg ikkje ensa deg eller sjå på deg. 15#1 Sam 10,5fMen hent no ein som kan spela for meg!» Medan han spela, kom Herrens hand over Elisja. 16Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft i elveleiet her! 17For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal dette elveleiet fyllast med vatn. De skal få å drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar. 18Men dette er lite i Herrens auge. Han vil òg gje moabittane i dykkar hender. 19De skal ta kvar festningsby og kvar utvald by, hogga kvart frukttre og tetta kvar vasskjelde. Og alle gode jordstykke skal de øydeleggja med stein.» 20#3,20 grødeofferet >1 Kong 18,29.Morgonen etter, på den tid grødeofferet blir bore fram, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.
21No fekk moabittane høyra at kongane var komne for å kjempa mot dei. Alle våpenføre menn, unge som gamle, vart kalla saman og tok stilling langs grensa. 22Då moabittane stod opp tidleg neste morgon, skein sola på vatnet, og det såg ut for dei som vatnet var raudt av blod. 23«Det er blod», ropa dei. «Kongane har kjempa med sverd og slege kvarandre i hel. Moabittar, no skal vi ta bytte!» 24Men då dei kom til Israels leir, gjorde israelittane motstand og slo moabittane så dei flykta for dei. Israelittane trengde seg inn i Moab-landet medan dei heldt fram med å slå dei ned.
25 # 3,25 Kir-Hareset hovudstaden i Moab. No reiv dei ned byane, og alle gode jordstykke dyngja dei ned med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde tetta dei att, og kvart frukttre hogg dei ned. Til slutt stod berre murane att i Kir-Hareset, og slyngjekastarane omringa byen og gjekk til åtak på han. 26Då kongen i Moab såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre våpenføre menn og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje. 27Då tok kongen eldste son sin, som skulle bli konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og det kom så stor harme over israelittane at dei braut opp og vende attende til sitt eige land.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på