2. Korintar 4
4
Skatten i leirkrukker
1Når vi ved Guds miskunn har fått denne tenesta, mistar vi ikkje motet. 2#2,17; 1 Tess 2,3ffNei, vi har sagt frå oss alt hemmeleg og skammeleg; vi går ikkje fram med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Men vi legg sanninga ope fram, og for Guds andlet stiller vi oss sjølve fram så alle menneske kan dømma oss etter sitt samvit. 3#1 Kor 1,18Er vårt evangelium løynt, så er det løynt for dei som går fortapt. 4#Ef 2,2; Kol 1,15+#4,4 guden i denne verda =djevelen. Jf. 2,11.For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5#1,24Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld. 6#1 Mos 1,3; Jes 9,1fFor Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
7 #
12,9
Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss. 8#4,8–9 Versa inneheld ein lidingskatalog. =katalogar.#1 Kor 4,9ff; 2 Kor 6,4ff; 11,23ff; 2 Tim 3,10fAlltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause, 9forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne. 10Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår. 11#Rom 8,36; 1 Kor 4,9; 15,31For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp. 12Slik er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13#Sal 116,10Vi har den same Anden som gjev tru, som det står skrive om: Eg trudde, difor tala eg. Vi òg trur, og difor talar vi. 14#Apg 2,24+; Rom 8,11; 1 Kor 6,14For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk. 15#1,6.11Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
Tru og håp
16 #
Ef 3,16
Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag. 17#Matt 5,12; Rom 8,18Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir. 18#Rom 8,24f; Hebr 11,1.3Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.
Markert nå:
2. Korintar 4: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.