2. Krønikebok 14
14
Kong Asa i Juda
1 #
1 Kong 15,9–11
Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år. 2Asa gjorde det som godt og rett var i auga til Herren hans Gud. 3#5 Mos 7,5Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. 4Han sa til judearane at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda. 5#3 Mos 26,30Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han. 6#11,5Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for Herren gav han fred.
7Asa sa til judearane: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar rundt dei, med tårn og portar og bommar, medan landet enno ligg fritt framfor oss. For vi har søkt Herren vår Gud. Vi søkte han, og han gav oss fred på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt. 8Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Alle var dei djerve krigarar.
9 # 14,9 Maresja by i låglandet. Jf. Jos 15,44. Ein gong drog kusjitten Serah ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja, 10drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja. 11#1 Sam 14,6Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»
12Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde. 13Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte. 14#17,10Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra. 15Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.
Markert nå:
2. Krønikebok 14: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fno.png&w=128&q=75)
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.