1. Samuelsbok 11
11
Saul vinn over ammonittane
1 # 11,1 Ein månad etter Omsetjinga følgjer eit handskrift frå =Qumran og =Septuaginta. Ein månad etter• gjorde ammonitten Nahasj ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Og alle i Jabesj sa til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.» 2Men ammonitten Nahasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auget på dykk alle, til vanære for heile Israel.» 3Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4Då sendeboda kom til Sauls Gibea, bar dei ærendet sitt fram for folket, og heile folket brast i gråt. 5I same stunda kom Saul frå åkeren med oksane sine, og han spurde: «Kva er i vegen med folket sidan dei græt?» Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt. 6#Dom 3,10+Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm. 7Han tok eit spann oksar og skar dei opp i stykke som han sende rundt i heile Israel med denne bodskapen: «Slik skal det gjerast med oksane til den som ikkje dreg ut med Saul og Samuel.» Då kom ei redsle for Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein. 8Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9Dei sa til bodberarane som var komne: «Sei til mennene i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å brenna heitt, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og melde dette til mennene i Jabesj, vart dei glade. 10Dei sa: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de finn for godt.» 11Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren. Då dagen var på det heitaste, hadde dei slege ammonittane. Dei som overlevde, vart spreidde. Det var ikkje att to mann på same staden.
12 #
10,27
Folket sa til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Lat oss få tak i dei mennene og drepa dei!» 13#14,45; 2 Sam 19,22fMen Saul sa: «På denne dagen skal ingen drepast, for i dag har Herren gjeve Israel siger.» 14Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der.» 15Då drog heile folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens andlet. Dei ofra fredsoffer til Herren, og Saul og alle israelittane gledde seg stort.
Markert nå:
1. Samuelsbok 11: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.