Son min, om du tek imot orda mine
og gøymer boda mine hos deg
så ditt øyre lyttar til visdom
og du opnar hjartet for forstand,
ja, om du kallar på innsikt
og ropar høgt etter forstand,
om du søkjer etter han som var det sølv,
leitar som etter ein skatt,
då skal du læra å frykta HERREN,
finna ut kva det er å kjenna Gud.