Ordtak frå Salomo, son til David og konge i Israel.
Til å gje kunnskap om visdom og formaning,
til å forstå forstandige ord,
til å ta imot formaning som gjev innsikt
om ærlegdom, rettferd og rett,
til å gje vitlause vit
og den unge kunnskap og omtanke.