Om du kjem tilbake, Israel,
seier HERREN,
om du kjem tilbake til meg,
om du fjernar
dei motbydelege gudane dine frå meg
og ikkje flakkar ikring,
om du sver
«så sant HERREN lever»
i sanning, rett og rettferd,
då skal folkeslaga velsigna seg ved han,
ved han skal dei prisa seg lukkelege.