Berre innsjå di skuld.
For du har gjort opprør mot HERREN din Gud.
Du baud deg fram for framande
under kvart frodig tre.
Du høyrde ikkje på mi røyst,
seier HERREN.
Kom tilbake, de bortkomne søner! seier HERREN. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion.