Herren GUDS ande er over meg,
for HERREN har salva meg.
Han har sendt meg
for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause,
for å forbinda dei som har eit knust hjarte,
ropa ut fridom for dei som er i fangenskap,
og frigjering for dei som er bundne,
for å ropa ut eit nådens år frå HERREN
og ein hemnens dag frå vår Gud,
for å trøysta alle som sørgjer,
og gje dei sørgjande i Sion
turban i staden for oske,
gledeolje i staden for sorg,
lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd.
Dei skal kallast Rettferds eiketre
som HERREN har planta
for å syna sin herlegdom.