Så seier han som er høg og opphøgd,
han som tronar evig,
Den heilage er hans namn:
I det høge og heilage bur eg
og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned,
gje hjartet liv hos dei som er knuste.
For eg fører ikkje sak til evig tid
og er ikkje harm for alltid.
Då ville ånda bli kraftlaus for mitt andlet,
livspusten som eg har laga.