1
1. Mosebok 22:14
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Abraham kalla den staden «HERREN ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der HERREN lèt seg sjå.»
Sammenlign
Utforsk 1. Mosebok 22:14
2
1. Mosebok 22:2
Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»
Utforsk 1. Mosebok 22:2
3
1. Mosebok 22:12
Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.»
Utforsk 1. Mosebok 22:12
4
1. Mosebok 22:8
Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.
Utforsk 1. Mosebok 22:8
5
1. Mosebok 22:17-18
vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar. Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.»
Utforsk 1. Mosebok 22:17-18
6
1. Mosebok 22:1
Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
Utforsk 1. Mosebok 22:1
7
1. Mosebok 22:11
Men HERRENS engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!»
Utforsk 1. Mosebok 22:11
8
1. Mosebok 22:15-16
Då ropa HERRENS engel til Abraham frå himmelen for andre gong og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier HERREN: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son
Utforsk 1. Mosebok 22:15-16
9
1. Mosebok 22:9
Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden.
Utforsk 1. Mosebok 22:9
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer