1
Forkynnaren 8:15
Bibelen 2011 nynorsk
Eg har lovprisa gleda, for det finst inga anna lukke for mennesket her under sola enn å eta og drikka og gleda seg. Dette får følgja han i strevet dei levedagane Gud gjev han under sola.
Sammenlign
Utforsk Forkynnaren 8:15
2
Forkynnaren 8:12
For ein syndar kan gjera det vonde i mange år, og endå lèt Gud han leva lenge. Likevel skulle eg då vita at det går godt for dei som ottast Gud, fordi dei har ærefrykt for han
Utforsk Forkynnaren 8:12
3
Forkynnaren 8:6
For allting som blir gjort, har si tid og sin veg, og det vonde som ventar på mennesket, kviler tungt på han.
Utforsk Forkynnaren 8:6
4
Forkynnaren 8:8
Ingen har makt over vinden så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, lovløyse bergar ikkje sin mann.
Utforsk Forkynnaren 8:8
5
Forkynnaren 8:11
Om dommen over vond gjerning ikkje straks blir sett i verk, får menneska mot til å gjera det vonde.
Utforsk Forkynnaren 8:11
6
Forkynnaren 8:14
Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Med somme rettferdige går det som dei urettferdige fortener, og med somme urettferdige går det som dei rettferdige fortener. Eg seier: Dette òg er fåfengt.
Utforsk Forkynnaren 8:14
7
Forkynnaren 8:7
Han veit ikkje kva som skal henda. For kven kan seia han kva som skal skje?
Utforsk Forkynnaren 8:7
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer