1
Forkynnaren 3:1
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen
Sammenlign
Utforsk Forkynnaren 3:1
2
Forkynnaren 3:2-3
ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp, ei tid for å drepa, ei tid for å lækja, ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja
Utforsk Forkynnaren 3:2-3
3
Forkynnaren 3:4-5
ei tid for å gråta, ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa, ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar, ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera
Utforsk Forkynnaren 3:4-5
4
Forkynnaren 3:7-8
ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop, ei tid for å teia, ei tid for å tala, ei tid for å elska, ei tid for å hata, ei tid for krig og ei tid for fred.
Utforsk Forkynnaren 3:7-8
5
Forkynnaren 3:6
ei tid for å leita, ei tid for å mista, ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta
Utforsk Forkynnaren 3:6
6
Forkynnaren 3:14
Eg skjøna at alt Gud gjer, står gjennom alle tider. Ingen kan leggja noko til, og ingen kan trekkja noko frå. Gud har gjort det slik for at menneska skal ha ærefrykt for han.
Utforsk Forkynnaren 3:14
7
Forkynnaren 3:17
Då sa eg til hjartet mitt: Det er Gud som skal dømma den som gjer rett og den som gjer urett. Ja, han har fastsett ei tid for alle ting og for alt som blir gjort.
Utforsk Forkynnaren 3:17
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer