1
Kolossarane 2:6-7
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han, rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!
Sammenlign
Utforsk Kolossarane 2:6-7
2
Kolossarane 2:8
Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.
Utforsk Kolossarane 2:8
3
Kolossarane 2:13-14
De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.
Utforsk Kolossarane 2:13-14
4
Kolossarane 2:9-10
For i hans kropp bur heile guddomsfylden, og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.
Utforsk Kolossarane 2:9-10
5
Kolossarane 2:16-17
Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til.
Utforsk Kolossarane 2:16-17
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer