1
1. Peter 3:15-16
Bibelen 2011 nynorsk
men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig. Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine.
Sammenlign
Utforsk 1. Peter 3:15-16
2
1. Peter 3:12
For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.
Utforsk 1. Peter 3:12
3
1. Peter 3:3-4
Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd, men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.
Utforsk 1. Peter 3:3-4
4
1. Peter 3:10-11
Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale. Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.
Utforsk 1. Peter 3:10-11
5
1. Peter 3:8-9
Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.
Utforsk 1. Peter 3:8-9
6
1. Peter 3:13
Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode?
Utforsk 1. Peter 3:13
7
1. Peter 3:11
Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.
Utforsk 1. Peter 3:11
8
1. Peter 3:17
For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.
Utforsk 1. Peter 3:17
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer