Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela. Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.