1
1. Kongebok 18:37
Bibelen 2011 nynorsk
Svar meg, HERRE! Svar meg, så dette folket skjønar at du, HERRE, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.»
Sammenlign
Utforsk 1. Kongebok 18:37
2
1. Kongebok 18:36
Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «HERRE, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette.
Utforsk 1. Kongebok 18:36
3
1. Kongebok 18:21
Elia steig fram for heile folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er HERREN Gud, så hald dykk til han, og er Baal Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.
Utforsk 1. Kongebok 18:21
4
1. Kongebok 18:38
Då fór HERRENS eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta.
Utforsk 1. Kongebok 18:38
5
1. Kongebok 18:39
Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «HERREN, han er Gud! HERREN, han er Gud!»
Utforsk 1. Kongebok 18:39
6
1. Kongebok 18:44
Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky, ikkje større enn ei menneskehand, stiga opp av havet.» Då sa Elia: «Gå og sei til Ahab at han må spenna føre og fara heim, så ikkje regnet skal hefta han!»
Utforsk 1. Kongebok 18:44
7
1. Kongebok 18:46
Men HERRENS hand kom over Elia. Han batt opp kjortelen og sprang føre Ahab heilt til Jisreel.
Utforsk 1. Kongebok 18:46
8
1. Kongebok 18:41
Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.»
Utforsk 1. Kongebok 18:41
9
1. Kongebok 18:43
Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»
Utforsk 1. Kongebok 18:43
10
1. Kongebok 18:30
Då sa Elia til folkemengda: «Kom hit til meg!» Og heile folket gjekk bort til han. Så sette han i stand igjen HERRENS altar, som var nedrive.
Utforsk 1. Kongebok 18:30
11
1. Kongebok 18:24
Så kan de kalla på guden dykkar ved namn, og eg vil kalla på HERREN ved namn. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Godt, lat det vera så!»
Utforsk 1. Kongebok 18:24
12
1. Kongebok 18:31
Han tok tolv steinar, ein for kvar av stammane etter sønene til Jakob, han som HERREN hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»
Utforsk 1. Kongebok 18:31
13
1. Kongebok 18:27
Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.»
Utforsk 1. Kongebok 18:27
14
1. Kongebok 18:32
Av desse steinane bygde han eit altar i HERRENS namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn.
Utforsk 1. Kongebok 18:32
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer