1
1. Kongebok 17:14
Bibelen 2011 nynorsk
For så seier HERREN, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då HERREN sender regn over jorda.»
Sammenlign
Utforsk 1. Kongebok 17:14
2
1. Kongebok 17:1
Elia frå Tisjbe, ein av innbyggjarane i Gilead, sa til Ahab: «Så sant HERREN, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei første åra skal det korkje koma dogg eller regn utan på mitt ord.»
Utforsk 1. Kongebok 17:1
3
1. Kongebok 17:13
Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din.
Utforsk 1. Kongebok 17:13
4
1. Kongebok 17:12
Ho svara: «Så sant HERREN din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.»
Utforsk 1. Kongebok 17:12
5
1. Kongebok 17:9
«Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»
Utforsk 1. Kongebok 17:9
6
1. Kongebok 17:16
Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som HERREN hadde sagt gjennom Elia.
Utforsk 1. Kongebok 17:16
7
1. Kongebok 17:15
Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid.
Utforsk 1. Kongebok 17:15
8
1. Kongebok 17:10
Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!»
Utforsk 1. Kongebok 17:10
9
1. Kongebok 17:4
Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.»
Utforsk 1. Kongebok 17:4
10
1. Kongebok 17:11
Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!»
Utforsk 1. Kongebok 17:11
11
1. Kongebok 17:6
Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk av bekken.
Utforsk 1. Kongebok 17:6
12
1. Kongebok 17:7
Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.
Utforsk 1. Kongebok 17:7
13
1. Kongebok 17:24
Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at HERRENS ord i din munn er sanning.»
Utforsk 1. Kongebok 17:24
14
1. Kongebok 17:5
Så gjekk han og gjorde som HERREN hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der.
Utforsk 1. Kongebok 17:5
15
1. Kongebok 17:22
HERREN høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att.
Utforsk 1. Kongebok 17:22
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer