1
1. Johannes 3:18
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!
Sammenlign
Utforsk 1. Johannes 3:18
2
1. Johannes 3:16
Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.
Utforsk 1. Johannes 3:16
3
1. Johannes 3:1
Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.
Utforsk 1. Johannes 3:1
4
1. Johannes 3:8
Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.
Utforsk 1. Johannes 3:8
5
1. Johannes 3:9
Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud.
Utforsk 1. Johannes 3:9
6
1. Johannes 3:17
Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Utforsk 1. Johannes 3:17
7
1. Johannes 3:24
Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.
Utforsk 1. Johannes 3:24
8
1. Johannes 3:10
Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.
Utforsk 1. Johannes 3:10
9
1. Johannes 3:11
For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.
Utforsk 1. Johannes 3:11
10
1. Johannes 3:13
De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk.
Utforsk 1. Johannes 3:13
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer