1
1. Johannes 4:18
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.
Sammenlign
Utforsk 1. Johannes 4:18
2
1. Johannes 4:4
Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
Utforsk 1. Johannes 4:4
3
1. Johannes 4:19
Vi elskar fordi han elska oss først.
Utforsk 1. Johannes 4:19
4
1. Johannes 4:7
Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.
Utforsk 1. Johannes 4:7
5
1. Johannes 4:8
Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.
Utforsk 1. Johannes 4:8
6
1. Johannes 4:10
Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
Utforsk 1. Johannes 4:10
7
1. Johannes 4:11
Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.
Utforsk 1. Johannes 4:11
8
1. Johannes 4:9
I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.
Utforsk 1. Johannes 4:9
9
1. Johannes 4:20
Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.
Utforsk 1. Johannes 4:20
10
1. Johannes 4:15
Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud.
Utforsk 1. Johannes 4:15
11
1. Johannes 4:21
Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.
Utforsk 1. Johannes 4:21
12
1. Johannes 4:1-2
Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.
Utforsk 1. Johannes 4:1-2
13
1. Johannes 4:3
Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.
Utforsk 1. Johannes 4:3
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer