1
Johannes 6:35
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Jesus svara: Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
Vergelijk
Ontdek Johannes 6:35
2
Johannes 6:63
Det er Anden som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd og er liv
Ontdek Johannes 6:63
3
Johannes 6:27
Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit æveleg liv! Den skal Menneskesonen gjeva dykk; for han hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.
Ontdek Johannes 6:27
4
Johannes 6:40
For so vil Far min at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal hava æveleg liv, og at eg skal vekkja han upp att på den siste dag.
Ontdek Johannes 6:40
5
Johannes 6:29
Jesus svara: Det er Guds gjerning at de skal tru på den som han sende.
Ontdek Johannes 6:29
6
Johannes 6:37
Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt
Ontdek Johannes 6:37
7
Johannes 6:68
Simon Peter svara: Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord
Ontdek Johannes 6:68
8
Johannes 6:51
Eg er det levande brødet, som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal leva til i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.
Ontdek Johannes 6:51
9
Johannes 6:44
Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege han, og eg skal vekkja han upp att på den siste dag.
Ontdek Johannes 6:44
10
Johannes 6:33
for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.
Ontdek Johannes 6:33
11
Johannes 6:48
Eg er livsens brød.
Ontdek Johannes 6:48
12
Johannes 6:11-12
Då tok Jesus brødi og takka, og skifte dei ut til dei som sat der, og like eins av fiskane, so mykje dei vilde hava. Då dei var mette, segjer han til læresveinane: Sanka i hop dei stykki som er att, so ingen ting vert spillt!
Ontdek Johannes 6:11-12
13
Johannes 6:19-20
Då dei so hadde rott ei fem og tjuge eller tretti stadier, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart redde, men han sa: Det er eg; ver ikkje redde!
Ontdek Johannes 6:19-20
Thuisscherm
Bijbel
Leesplannen
Video's