YouVersion လိုဂို
ရှာရန် အိုင်ကွန်

1. Mosebok 6:1-4

1. Mosebok 6:1-4 N11NN

No tok menneska til å bli mange på jorda, og dei hadde fått døtrer. Då såg gudesønene at menneskedøtrene var vakre, og dei tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. HERREN sa: «Min ande skal ikkje for alltid bli verande i menneska, for dei er av kjøt og blod. Levetida deira skal vera 120 år.» Det var kjemper på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.