1
1. Mosebok 3:6
Bibelen 2011 nynorsk
No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.
Mampitaha
Mikaroka 1. Mosebok 3:6
2
1. Mosebok 3:1
Slangen var listigare enn alle villdyra som HERREN Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»
Mikaroka 1. Mosebok 3:1
3
1. Mosebok 3:15
Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.»
Mikaroka 1. Mosebok 3:15
4
1. Mosebok 3:16
Til kvinna sa han: «Tungt vil eg gjera ditt strev når du er med barn, med smerte skal du føda. Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg.»
Mikaroka 1. Mosebok 3:16
5
1. Mosebok 3:19
Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Støv er du, og til støv skal du venda attende.»
Mikaroka 1. Mosebok 3:19
6
1. Mosebok 3:17
Og til mannen sa han: «Fordi du høyrde på kvinna og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, er jorda forbanna for di skuld. Med strev skal du næra deg av henne alle dine levedagar.
Mikaroka 1. Mosebok 3:17
7
1. Mosebok 3:11
Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»
Mikaroka 1. Mosebok 3:11
8
1. Mosebok 3:24
Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
Mikaroka 1. Mosebok 3:24
9
1. Mosebok 3:20
Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever.
Mikaroka 1. Mosebok 3:20
Fidirana
Baiboly
Planina
Horonan-tsary