Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort.
Så lenge jorda står,
skal sånad og skurd, kulde og hete,
sommar og vinter, dag og natt
aldri ta slutt.»