2. Samuelsbok 5
5
David vert konge over heile Israel
1Sidan kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du. #1 Krøn 11,1–3; 19,12 2Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»#1 Sam 18,16; 25,30
3Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron, og kong David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Så salva dei David til konge over Israel.#1 Sam 16,13; 2 Sam 2,4
4David var tretti år gamal då han vart konge, og han styrte i førti år. #1 Krøn 29,27f 5I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
David tek Jerusalem
6Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn. #1 Krøn 11,4–9 7Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. 8Den dagen sa David: «Kvar den som feller ein jebusitt – desse lame og blinde, som hatar David – og går opp gjennom vassberarsjakta, han skal vera hovding og førar.» Difor heiter det: «Ein blind eller lam får ikkje koma inn i templet.»#5,8 vassberarsjakta tunnel som gjekk frå Gihon-kjelda og inn i byen.
9David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen. Han bygde rundt ikring, frå Millo og utover. #5:9Millo «fylling»; truleg terrasse med nokre festningsverk i nordluten av Davids-byen. Sml. Millo-huset, 2 Kong 12,20. Borga i Sikem vert òg kalla Millo. [Dom 9,6.] 10Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han.#1 Sam 18,12; 2 Sam 3,1
11Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømmermenn og steinhoggarar; dei bygde eit hus åt David.#1 Krøn 14,1–3; 2 Krøn 2,3
12David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
Davids søner i Jerusalem
13Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg endå fleire fylgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk fleire søner og døtrer. 14Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo, 15Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia, 16Elisjama, Eljada og Elifelet.
David vinn over filistarane
17Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga. #5,17 fjellborga[1 Sam 22,4]#1 Krøn 14,8–17 18Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. #5,18 Refa’im-dalen grøderik dal sørvest for Jerusalem. Sml. Jos 15,8; 18,16. 19Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Herren svara David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.» #1 Sam 30,8 20Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim. #5,20 Ba’al-Perasim Perasim, fleirtal av ‘peres‘, tyder gjennombrot. 21Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. 23Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea! 24Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg og vil slå filistarhæren.» 25David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser.
Sélection en cours:
2. Samuelsbok 5: N78NN
Surbrillance
Partager
Copier
Tu souhaites voir tes moments forts enregistrés sur tous tes appareils? Inscris-toi ou connecte-toi
© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).